Vil byggje Måløy

I år feirar ingeniør- og entreprenørfirmaet UNU AS 30-årsjubileum, det skal dei feire seinare i haust. Før den tid skal dei opne Bryggen Panorama.

 

Det nye leilegheitskomplekset ligg idyllisk til i sjøkanten, midt i Måløy sentrum. Den tidlegare Domsteinbuda har gjennomgått ei enorm forandring og er blitt til eit topp moderne bygg med 27 bueiningar. Fyrste mai skal alt vere ferdig og klart for innflytting.

 

— Vi ønskjer å vere med på å byggje Måløy. Vi er patriotar og vi heiar på utvikling og framgang i sentrum og elles i lokalsamfunnet. Det har vore stor interesse for prosjektet og det er veldig kjekt, fortel prosjektleiar og medeigar i UNU AS, Kent Rune Bugjerde.

 

No er det ikkje mykje som minnar om stablar med fiskekasser og gamle fryselager lenger. Likevel, det har ikkje berre vore enkelt å byggje om ei gamal fiskebud til eit topp moderne leilegheitskompleks.

 

— Den største utfordringa var å rette opp skeivheita i bygget. Alle golv halla frå sør mot nord, bygget var jo bereinka for å ha tung fryst fisk i alle etasjar. Det har vore ein stor rivejobb og vi har fjerna 500 tonn betong, fortel Bugjerde.

 

Leilegheitene er universelt utforma og alle er utstyrt med velferdsteknologi. Dei hentar varme frå fjorden, er godt isolerte og svært kostnadseffektive. For å få til alt dette har eit samarbeid med lokale aktørar vore essensielt.

 

— Dette prosjektet har vi hatt i eigen regi, og det har vore viktig for oss å bruke lokale leverandørar så langt som råd. Arbeidarane frå dei ulike firma har trivst på jobb, og dei er stolte over bygget. Vi har hatt eit utruleg godt samarbeid, slår Bugjerde fast.

 

Leilegheiter for alle

 

Toppleilegheita i bygget har satt ny salsrekord i Sogn og Fjordane. For 12 millionar kroner får du 288 kvadratmeter, terrasse på om lag 90 kvadratmeter, fleire soverom og tre bad, badstue og trimrom for å nemne noko. Sjølvsagt med panoramautsikt over Ulvesundet og heile skipsleia. Dei andre leilegheitene er mindre, men alle kan skilte med flott utsikt og topp komfort.

 

— Her er det leilegheiter for alle slags folk, unge og eldre. Alle leilegheitene i bygget er privatkjøpte. Vågsøy kommune og husbanken har gått inn med tilskot på dei spesialtilpassa bueiningane, forklarar Bugjerde medan han visar oss rundt i det nye bygget.  

 

Tysdag 14.juli 2015 møtte spente arbeidarar til fyrste arbeidsdag på Bryggen Panorama, dei hadde litt av ein jobb framfor seg. Dei har gjort ein fantastisk jobb. No er det berre nedvask og små detaljar som står att. Tysdag 01.mai 2017 skal alt vere klart. Prosessen har vore lang og krevjande, men den engasjerte prosjektleiaren er ikkje i tvil:

 

— Vi hadde gjort alt på nytt, utan å nøle.