Vi er attraktive

Om lag 40 tilhøyrarar fekk i dag presentert aktuelle prosjekt i regionen. Samla sett sat ein igjen med ein tanke om at Eid og Nordfjord har svært mykje bra å by på, og at vi går spanande tider i møte. 

 

Ordførar i Eid, Alfred Bjørlo, starta frukostmøtet med å fortelje litt om korleis dei gjer kommuna klar for tilflytting. Han kunne fortelje om ein samla strategi der ein satsar både på dei unge og dei eldre, på næringsliv, kultur og skule.

 

Rune Taklo, ein av inititatitakarane bak skreddarhuset, presenterte huset som er eit næringscluster beståande av ulike verksemder. Her tilbyr alle bedriftene «skreddarsaum» til sine respektive kundar. Han kunne fortele om eit hus med mykje aktivitet og bevegelse.

 

Feel free production, ved dagleg leiar David Sigurdsson, presenterte bedrifta som vart starta i 2013. Møbelprodusenten er kanskje mest kjend for å lage spektakulære og ekstreme møblar. Likevel vedgår Sigurdsson at det ofte blir til at ein lagar det sprø, men sel det normale. Bedrifta i frå Hornindal har på kort tid opparbeida seg ei stor kundemasse. Nyleg landa dei ei kontrakt med Studentskipnaden i Bergen (SIB) på 3,3 millionar kroner. Samstundes utviklar dei heile tida nye produkt, og dei har nettopp kome i gong med å tilby konsulenttenester på interiør.

 

Solveig Midtbø, dagleg leiar i Sagastad, fortalte korleis ein skulle gjere Sagastad om til ei sterk merkevare på Eid og i heile Nordfjord. Myklebustskipet er truleg Noregs største skip, og ein er i gong med å skape ei full pakke rundt historia og funna knytt til skipet. Med Sagastad og ny cruisekai på Nordfjordeid, kan ein verkeleg seie at reiselivet blomstrar i kommuna. Sveiung Meland Pile kunne presenterte konseptet «Cruise day» til forsamlinga. Dette er eit nytt prosjekt som skal koordinere og forberede aktørar på den nye cruise turismen og trafikken. Målet er at Eid skal vere ein spanande stoppestad for rederia, turistane og elles for folk i frå heile regionen. Når det er Cruise day, altså når cruisebåtane har lagt til kai, skal det vere innbydande og kjekt å kome til Eid.

 

På grunn av sjukdom og møtevirksomheit vart programmet litt forandra, men sporty aktørar frå Eid heiv seg rundt - og det blei verkeleg eit spanande og fullkoment frukostmøte likevel. Vi takkar alle innleiarar og tilhøyrarar for eit vellykka frukostmøte. Vel møtt neste gang! Har du innspel til neste frukostmøte? Ikkje nøl med å ta kontakt på post@nordfjordvekst.no