Vårens siste frukostmøte

Nordfjord Vekst har i dag arrangert siste frukostmøte før sommaren. Om lag 40 frammøtte fekk med seg presentasjonar frå fleire nye og spennande prosjekt. 

 

Dagleg leiar i Nordfjord Vekst, Randi P. Humborstad opna møtet med å seie noko om kva som skjer i næringslivet i kommunen. Ho poengterte at Vågsøy er på fyrste plass i kategorien Næringsliv i Sogn og Fjordane. Vidare trakk ho fram gode historier frå næringslivet som Lefdal Mine Datacenter, Stad skipstunnel og nye signerte kontraktar for skipsindustrien. Ho snakka òg litt om utfordringar i Vågsøysamfunnet. Blant anna innanfor bostadsattraktivitet og rekruttering. I den samanheng presenterte ho eit nytt prosjekt og ei ny nettside for Vågsøy. Denne nettsida skal vere ein samleportal for informasjon om kva som finnast og kva som skjer i kommunen. Vågsøy har mykje å gå på når det gjeld bolyst og trivsel. Samstundes er det mykje positivt som skjer og kommuna byr på eit hav av moglegheiter, dette må heile vågsøysamfunnet samarbeide om å kommunisere. 

 

Trond Strømgren frå Maritim Foreining Sogn og Fjordane presenterte maritim bruk av hydrogen. Strømgren er prosjektleiar for Flora kommune og DNV GL’s Grønt Kystfartsprogram sitt pilotprosjekt nr. 7, Hydrogendriven hurtiggåande passasjerbåt. Prosjektet har fått stor merksemd både nasjonalt og internasjonalt, og har fleire aktørar med tung kompetanse med på laget. Han avslutta sin presentasjon med å fri til publikum og til politikarane om å engasjere seg i prosjektet.

 

Vidare presenterte Gro Caroline Flølo frå Farmhouse og Steinar Engeland frå STEINART eit nytt kreativt nettverk og paraplyorganisasjonen Fjordspenn. Her snakka dei om prosjekt som dei har gjort frå «inst til ytst». Dei viste blant anna til case som dei har gjort for Moods of Norway, Sødermann Rådgivning og Sagastad for å nemne nokon. Foreløpig er det Farmhouse, STEINART og The Brand Studio som står for samarbeidet, men dei har dialog med fleire andre aktørar.

 

Avslutningsvis presenterte David Sigurdsson og Marta Myklebust møbelprodusenten Feel Free Production og fleire spennande prosjekt dei har på gong. Gründer Sigurdsson starta for seg sjølv i 2013 og har sidan tilsett fem andre. Bedrifta er kanskje mest kjend for å lage spektakulære og ekstreme møblar. Likevel vedgår Sigurdsson at det ofte blir til at ein lagar det sprø, men sel det normale. Bedrifta i frå Hornindal har på kort tid opparbeida seg ei stor kundemasse. Nyleg landa dei ei kontrakt med Studentskipnaden i Bergen (SIB) på 3,3 millionar kroner. Samstundes utviklar dei heile tida nye produkt, og dei har nettopp kome i gong med å tilby konsulenttenester på interiør.

 

Nordfjord Vekst vil takke alle frammøtte og bedriftene som har presentert og deltatt på frukostmøta i vår. Vi ser fram til nye møter og gode diskusjonar allereie i august.