Skipskompetanse 10 år

I mai 2007 starta Per Jørgen Silden si eiga bedrift i Måløy, Skipskompetanse. Heilt sidan barndomen har han hatt interesse for båt, og tanken om å starte for seg sjølv byrja allereie på ungdomsskulen. Sivilingeniøren ser tilbake på 10 hektiske, men spennande år.

 

Det fyrste driftsåret omsatte vi for om lag 12 millionar kroner. Eg jobba eit halvt år aleine, før eg tilsette Odd Rune. Det har vore utruleg kjekt, og vi har stort sett hatt mykje å gjere sidan dag ein, fortel Silden som også er dagleg leiar i selskapet.

 

Bedrifta fekk verkeleg ein pangstart i 2007, og sidan har det gått slag i slag. For augeblikket har ingeniørselskapet 6 båtar under bygging og tiårsjubileet blir feira med to nysigneringar.

 

Nyleg signerte vi kontrakt på to nye not– og snurrevadfartøy, Støttfjord og Lise Beate. Stadyard på Raudeberg skal utruste fartøya og vi står for design, Stadt Towing Tank i Deknepollen har stått for testinga. Fiskebåtsegmentet ligg i ryggmargen vår, og er ein viktig referanse, forklarar Silden.

 

Anerkjent miljø

Miljøet i Måløy og Vågsøy har lang historie innan skipsdesign og skipsbygging. Totalt er 15 båtar frå Vågsøybedrifter under konstruksjon per dags dato. Kompetansen og erfaringa som er forankra lokalt trekk til seg både kundar og arbeidstakarar.

 

—  Det er viktig og utviklande med eit slikt sterkt miljø. Det skapar ein viss konkurranse oss i mellom, men fyrst og fremst skapar det eit godt rykte, spesielt med tanke på rekruttering, seier Silden.

 

Rekruttering har aldri vore eit stort problem for bedrifta. Nyleg har dei gjort tre nytilsettingar av ein sivilingeniør og to ingeniørar. Totalt er dei 13 tilsette.

 

 Vi veit om ein del lokale ungdomar som utdannar seg til å bli skipsingeniørar, og det er sikkert andre som vi ikkje veit om. Vi trur at utsikta for dei som vil jobbe i bransjen er bra, i alle fall for dei som vil jobbe i Måløy, smilar jubilanten.

 

Skipskompetanse ser nemleg lyst på framtida.

 

 — Vi ønskjer å vere det leiande miljøet for skipsdesign i vårt område, og kanskje i fylket på sikt. Målet er å bli passeleg store, avsluttar han med glimt i auget. 

 

 

Les meir om skipskompetanse og dei nye kystfiskefartøya her:
http://www.skipskompetanse.no/media-no/nyheter/101-kontrakt-pa-to-nye-snurpere-snurrevadfartoy

 

På bilete f.v: Odd Rune Hegglund, Silje Lekanger, Andre Høydal, Kristin Maurstad, Borys Sukhanyk, Per Jørgen Silden, Randi P. Humborstad.