Sjå til Eid

I helga var den offisielle opninga av Sagaparken på Nordfjordeid. Den nye parken kan skilte med grillhytte, badestrand, leikeapparat, treningsapparat, sandvolleyballbane og store flotte grøntområder. Ordførar i Eid kommune, Alfred Bjørlo, er klar på at dette skal vere med på å gjere kommuna attraktiv for både eksisterande og nye innbyggjarar.

 

–  Å skape tette og gode sentrumsmiljø trur eg er heilt avgjerande for vekst og tilflytting, seier han. Han meiner at den totale pakka som Eid kan skilte med er vinneroppskrifta på eit godt lokalsamfunn med både vekst og trivsel.

 

Frå gamalt av var sjøkanten og fjæra på Nordfjordeid eit naturleg knutepunkt for kommunikasjon. Her hadde ein ei lang og kvit strandlinje, før det vart byggja ei sjøgate på slutten av 1960-talet. No er strandsona i sentrum tilbake.

 

Med Sagaparken har vi opna opp den gamle kontakta mellom fjorden og tettstedet på Nordfjordeid, seier Bjørlo. Ordføraren er glad for at kommuna endeleg har fått den sentrumsstranda Eid har savna. Parken har allereie blitt ein fin møteplass for både unge og gamle.

 

Ei samla pakke

Ordføraren er spesielt glad for at ein har fått til eit tett samspel mellom offentlege og private investeringar på Nordfjordeid etter ei samla plan.

 

Takka vere samarbeid og tillit mellom kommune og næringsliv klarar vi å lyfte Nordfjords største kjøpesenter, flotte park- og friluftsområder, store bustadsutbyggingar og ikkje minst det nye Sagastad-senteret i ei samla pakke.

 

På bilete: Varaordfører Eli Førde Årskog (H) opner Sagaparken. 

Foto: Eid kommune