Samla seg om yrkesfag

 

Tysdag 07.februar samla rundt 20 rådgjevarar seg på maritim avdeling ved Måløy Vidaregåande skule. Tema for dagen var yrkesfagleg utdanning. På programmet stod fagleg påfyll frå opplæringskontora, lunsj laga av dyktige elevar frå restaurant og matfag og spennande bedriftsforedrag.

 

Tida er inne for at 10.klasseelevar skal velje om dei vil gå på vidare utdanning. I den samanheng er godt samarbeid mellom utdanningsinstitusjonar, opplæringskontor og næringsliv svært viktig. Det er nemleg estimert at det i 2035 vil mangle heile 125 000 yrkesfagarbeidarar. Geir Jome frå opplæringskontora sitt samarbeidsutval (OKSU) starta bransjedagen med å fortelje om viktigheita av yrkesfag. Han kunne også fortelje rådgjevarane om alle dei gode grunnane til å velje eit yrkesfag og at ein har mange moglegheiter for både å ta vidare og høgare utdanning etter endt læretid. Blant forsamlinga var det stor einigheit om at ein må få opp statusen til yrkesfag og jobbe aktivt for å skape interesse og for å rekruttere. 

 

Opplæringskontoret for fiskeri og havbruk, ved Bjørn Kvalheim, kunne fortelje om eit hav av moglegheiter i sjømatnæringa. Sjømateksporten skal femdoblast innan 2050 og ein treng difor lærlingar, fagarbeidarar og andre i alle delar av verdikjeda. Utfordringa er at det finnast lite informasjon i skulane om sjømatnæringa, samstundes har næringa slitt med omdømme. Likevel ser ein at fisker-yrket har hatt ein aukande popularitet og at den store overgongen frå «gutterommet» til sjøen ofte går betre enn ein ofte fryktar.

 

Forsamlinga fekk også høyre erfaringar frå næringslivet. Tore Hjelle i Eid Elektro fortalte at dei ofte har besøk av elevar som visar interesse for faget. Det store elektromiljøet på Eid står for om lag 200 arbeidsplassar i lokalsamfunnet og kan skilte med eit godt samarbeid med skule. Eid Elektro har totalt femten lærlingar og har som mål å vere ei god bedrift å vekse i. Hjelle presiserte ovanfor forsamlinga kor viktig det er med fagarbeidarar, og ber rådgjevarar om å formidle at bransjen treng fagfolk – alle kan nemleg ikkje vere ingeniørar.

 

Dei ulike foredragshaldarane kunne fortelje om gode miljø for elevar og lærlingar. Dei presiserte også at dersom ein består alle krava, er det som regel enkelt å få læreplass. Fleire av opplæringskontora kunne også fortelje om flinke jenter som ein gjerne skulle hatt enno fleire av i dei ulike yrkesfaga. Då var det spesielt kjekt å få ein presentasjon frå TømrarElin, Elin Gallefoss, som har starta eiga tømrarbedrift på Flatraket. Ho har i dag to lærlingar og er ein av få kvinner som har tatt meisterbrev i tømrarfaget.

 

Eit yrkesfag som kan skilte med mange jenter er helse- og sosialfag. Jeanette Jensen frå Vågsøy kommune snakka til forsamlinga om det positive samarbeidet kommuna og Måløy Vidaregåande har. Ho snakka spesielt om TAF-linja, der Vågsøy kommune tar inn både elevar og lærlingar. Her får dei direkte erfaring med arbeidslivet og blir behandla på lik linje med andre arbeidstakarar. 

 

Ove Bjørlo, rektor ved Eid Vidaregåande skule og initiativtakar til samlinga, held ei oppsummering på slutten av dagen. Bjørlo forklarte korleis satsinga på rådgjevarar har ein svært samfunnsnyttig effekt. Rådgjevarane har ein utruleg viktig jobb i å rettleie den enkelte elev til å ta sine eigne val.

 

Nordfjord Vekst takkar for ei positiv samling og vonar vi samlast igjen til meir fagleg påfyll.