Rekordoppmøte på Stadlandet

I overkant av 70 personar frå Selje, Eid og Vågsøy tok turen til Frukostmøte på Furebuda. Dei frammøtte fekk ein god start på dagen med nydeleg frukost og inspirerande foredrag på vakre Stadt.

 

Frukostmøtet var arrangert i samarbeid med Ervik Havfiske Gruppen. Olav Steimler, CEO i Arctic Linefish som er salsselskapet til Stad-rederiet, viste stor begeistring over den fullsatte salen. Han presenterte dei mange moglegheitene som finnast på Stadt og kva betydning det verdsleiande linebåtrederiet har hatt og har for lokalsamfunnet. Salssjef Stian Hjelle kunne fortelje at gruppen er på veg mot nye marknader og at "alle som sel kvit fisk i USA veit kor Stadt er". Robert Ervik, som er trainee i gruppen, presenterte dei mange karrieremoglegheitene som finnast i konsernet og fortalte at Ervik Havfiske er den største lærlingbedrifta innan fiske og fangst i Sogn og Fjordane.

 

Paneda Gruppen, ved CEO Geir Gjørsvik, presenterte kor Paneda står i dag og kor vegen går vidare. Han kunne fortelje at bedrifta satsar på å spisse seg enno meir i si teknologiske tilnærming innan digital radio. Paneda er verdsleiande på sitt område og ser store moglegheiter både nasjonalt og internasjonalt .

 

Gründerbedrifta InTeamMade er ei av bedriftene som har fått støtte frå kommunalt næringsfond som er forvalta av Nordfjord Vekst. Rogier van Oorschot og Thomas Bickhardt fortalte om korleis dei driv med utvikling av grupper, leiarar og organisasjonar direkte på arbeidsplassen og ved hjelp av opplevelsesbaserte prosessar. Dagleg leiar i Nordfjord Vekst, Randi Humborstad, avslutta frukostmøtet med å presentere status i Prosjektet Stad skipstunnel. Ho viste fram dei nye flotte bileta av tunnelen og forklarte korleis tunnelen legg til rette for nye moglegheiter innan skipsfart, næringsliv og turisme langs kysten.

Blant publikum satt lydhøyrde og engasjerte elevar frå studiespesialisering på Måløy Vidaregåande Skule. Dei kom for å få eit innblikk i det lokale næringslivet, og for å få inspirasjon til Framflytkonferansen som dei arrangerar i januar 2017. Næringskonferansen og ungdomsbedrifta har som mål å synleggjere moglegheitene innan lokalt næringsliv for ungdom.


Nordfjord Vekst vil takke Ervik Havfiske for samarbeidet, Furebuda for godt vertskap, alle foredragshalderar og tilhøyrerar. Vi håpar vi ser like mange i publikum på neste frukostmøte.


På bilete: Olav Steimler, CEO i Arctic Linefish, og salssjef Stian Hjelle presenterer Ervik Havfiske Gruppen.