Reiseliv engasjerar

Reiseliv som nærings- og stadsutvikling er utan tvil eit tema som engasjerar, og Selje har fleire positive tiltak og planar for nettopp dette. Nordfjord og Selje er ei skattekiste for innbyggjarar, turistar og andre. På frukostmøtet var samtlige einige om å framsnakke og utnytte det enorme potensialet. 

 

Ordførar i Selje, Stein Robert Osdal, orientere blant anna om kommuna sin arealplan. Ei auke i næringsareal, vekst i etablering av fritidshytter og rorbuer, og ei utviding av bustadfelt står som sentrale mål. Han snakka om utfordringar og moglegheiter for Selje kommune som destinasjon. Stad skipstunnel, Vestkapp, Sakta Sunniva og Selja kloster vil naturlegvis vere viktige fyrtårn i dette arbeidet. Her vil Selje og Eid jobbe med å kople saman plan- og utviklingsarbeidet for å lage ein samla masterplan for turisme. Alfred Bjørlo, ordførar i Eid,  fortalde litt om korleis kommuna har evna å skape vekst og attraktivitet, og om offentleg og privat samarbeid som essensielt for utvikling . Vidare snakka han om reiselivssatsingar på Nordfjordeid med regionale ringverknader, og Visit Nordfjord som primus motor i marknadsføringsarbeidet. Konseptet rundt Eid inviterer, Sagastad og den nye cruisekaia blei tatt fram som gode eksempel.

 

Dagleg leiar i Stiftinga Sakta Sunniva, Selja og Stad, Maria Vengen, presenterte ein nyoppussa turistinformasjon og butikk med lokalproduserte varer. Ho snakka òg om merkevarebygging av Selja kloster,  og viste skisser for konseptutvikling og merkevarebygging av Selje som destinasjon. Leiar i Selje næringsforening, John Terje Hamre, presenterte ein splitter ny sentrumsplan med strandpromenade og fleirbrukskai i sentrum. Mads Jonsson, dagleg leiar i Stad kystmat, presenterte bedrifta og fortalde om interessa i marknaden for «ureist kjøtt» frå Stad. Han snakka òg litt om korleis dette konseptet skal vere med på å synliggjere Selje kommune som eit reisemål med det "lille ekstra". 

 

 

Tusen takk til innleiarar og frammøtte for gode diskusjonar og positivt engasjement. Vel møtt til neste frukostmøte i Måløy 24.mai.