Opprydding i havrommet

Skrekkbilete av ein gåsenebbkval som blei avbilda utanfor Bergen, var det som måtte til for å vekke engasjement og debatt om plast som truar liv i havet. Plast er ein reell og stor trussel for det vi likar å kalle for «det blå eventyret». På Nordfjord Vekst sin workshop om marine og maritime næringar var avfallsproblematikken eit viktig tema.

 

Styreleiar i Nordfjord Vekst, Kåre Furnes, heldt eit kort innlegg for om lag 30 aktørar frå marin og maritim sektor, der han oppmoda næringslivet til å engasjere seg i problematikken.

 

— Fiskerinæringa har fått uberettiga mykje skuld for avfallet i havrommet. Likevel er dette eit globalt problem som råkar alle, og vi må forsøke å bidra med det vi kan lokalt, sa Furnes til forsamlinga.

 

Marin forsøpling er ein av dei aller største miljøsyndarane. Mikroplasten blir trekt fram som den største syndaren. Den kan ein blant anna oppdage i torsken. Det ideelle og samfunnsnyttige ved å bidra i eit slikt prosjekt er udiskutabelt viktig, men her er det også gode moglegheiter for «business».

 

— Ingen har laga noko ordentleg system for korleis ein skal løyse denne problematikken, vi må vere fyrst. Det er tross alt havet vi skal leve av her på kysten. Med vekstselskapet i førarsetet bør vi setje oss ned og lage ein konkret plan. Dette har potensiale til å bli ei stor næring om nokon år, seier den engasjerte styreleiaren.

 

I salen satt representantar frå Selje kommune og Stadlandet bedriftsforeining, som kunne fortelje at dei allereie er godt i gong med å ta tak i problemet. Dei har satt i gong eit spydspissprosjekt der det visuelle rundt søppel og kunst er i fokus. Steg to blir å kome i gong med ei industriell satsing rundt same tema.

 

— Vi må begynne i det små, vi har ein lang veg å gå. For eksempel er det ingen søppelkasser på Ervik-stranda. Det handlar om bevisstgjering, avsluttar Gry Hansen frå Stadlandet som er initiativtakar til prosjektet rundt søppel som kunst.

 

 

Foto: Privat