Nytt kontorlokale

Torsdag 1.desember flytta Nordfjord Vekst inn i splitter nye kontorlokale. Dei nye kontora er lokalisert midt i Måløy sentrum. Du kan no finne oss i andre etasje i «det gamle DNB-bygget».

 

Formålet med flyttinga er at Nordfjord Vekst skal bli meir synleg og sentrumsnær. Vi er svært glade for å vere på plass i eit miljø der vi delar bygning og etasje med fleire ulike verksemder frå det lokale næringslivet. Blant anna kjem BDO inn på same plan som Nordfjord Vekst, i tillegg har Fjord Shipping og Fjord Services kontorlokale  i etasjene over. På gateplan finn du det nye biblioteket i Vågsøy.

 

Den nye adressa er gate 1 nr.80 6700 Måløy. Velkomen innom.

 

På biletet: Annelin Fure, rådgjevar i Nordfjord Vekst, har funnet seg godt til rette på sitt nye kontor.