Ny kafé og optimisme i Selje

Eit halvt år har gått sidan systrene Veronica Hatlenes og Christine Lillesalt tok fatt på oppgåva. I dag opna «Kaféen Vår» i Selje.  Tanken er å skape eit tilbod i Selje der folk kan møtast uformelt og skape gode relasjonar i eit lite utkantsamfunn.

 

Med seg på laget har dei fått god hjelp av fleire lokale aktørar: Bygger'n Selje, Riksbygg AS, Eid Elektro AS, Stadlandet VVS, Selje trevare, Pryd og Mote og Heads&Tales har alle vore involvert i prosjektet. Kaféen har òg fått støtte i frå det kommunale næringsfondet og har hatt god dialog med vår gründerkontakt og rådgjevar, Annelin Fure. Resultatet har blitt ein koseleg kafé, der barn og vaksne i alle aldrar kan møtast til god mat og drikke.

 

Selje har hatt ei utfordrande tid. Den lokale "Kafé Nabben" blei nedlagt i haust, det same blei den einaste banken i Selje, og i november brant hotellet ned. Bygda har mangla ein naturleg samlingsstad, og slik fekk systrene idéen om å skape noko sjølv. I tillegg til den nye kaféen har Selje kommune ei ny reiselivssatsing på gong. Ny optimisme pregar bygda. Eit godt tiltak genererer gjerne fleire, og no er lokalsamfunnet klar for betre tider.

 

Vi ønskjer den nye bedrifta all hell og lukke, og gratulerar så mykje!