Nok eit rekordår for Normatic

Teknologiverksemda Normatic på Nordfjordeid har sidan starten i 1990 kunne skilta med stadig gode resultat. Verksemda går mot nok eit rekordår. I 2016 er det forventa at dei vil omsette for 100 millionar kroner. Ordførar i Eid kommune, Alfred Bjørlo, og dagleg leiar i Nordfjord Vekst, Randi Paulsen Humborstad, har besøkt verksemda.  

 

Totalt har Normatic 60 tilsette. Til tross for ein stor og god stab er dei klare på at den største utfordringa er rekruttering. Relevant utdanningstilbod i fylket vårt er difor enormt viktig. Ingeniørutdanninga i Førde og elektrofaga på Eid Vidaregåande skule er gode samarbeidspartnarar. Frå Eid vidaregåande skule rekrutterer dei blant anna lærlingar frå den nye automasjonslinja, frå data og elektronikklinja og frå elkraftlinja.

 

Normatic er ein stor aktør i vår region. Størst aktivitet har dei likevel utanfor fylket, spesielt på austlandet. Verksemda leverar blant anna vatn- og avløpsautomasjon til 120 kommunar i det ganske land. I tillegg til kontor på Nordfjordeid har dei også ingeniørkontor i Førde. Sjølv om hovudsatsingsområda er vatn- og avløpsautomasjon og byggautomasjon, blir verksemda stadig større på skips- og maritimautomasjon. 

 

Normatic har nemleg utvikla eit heilt nytt konsept for framtidas drift av brønnbåtar med internasjonalt potensial. Dei har blant anna levert automasjonssirkulasjon til fartøyet Ro Server som er overlevert i frå Larsnes Mek. Verksted AS til Rostein AS på Harøy. Normatic har også stor aktivitet på Mongstad i Hordaland. Kontrakten på forsyningsbasen Mongstad er verdt 30 millionar kroner. Her er det både teknikarar og sivilingeniørar i sving.

 

På bilete: Alfred Bjørlo (ordførar i Eid kommune), Hans Inge Solheim (dagleg leiar Normatic), Einar Løken (leiar maritimautomasjon Normatic), Randi Paulsen Humborstad (dagleg leiar Nordfjord Vekst).