Maritim og digital satsing i fokus

Fredag 17 februar arrangerte Nordfjord Vekst årets fyrste frukostmøte. I overkant av 50 tilhøyrarar i salen fekk presentert både maritim og digital satsing i Nordfjord.

 

Dagleg leiar i Nordfjord Vekst Randi P. Humborstad ønska publikum og innleiarar velkomen. Ho presenterte kort situasjonen i Nordfjord Vekst og status for Prosjektet Stad skipstunnel. Vidare gav ho ordet til prosjektleiar i Nordfjord Vekst, Kristian Todal. Han kunne fortelje at prioriterte prosjekt for tida er marine og maritime næringar samt reiseliv i regionen. Han nytta også høve til å invitere til ein marin workshop for næringslivet den 9.mars. 

 

Nytilsett dagleg leiar i Måløy Verft, Nicolas Blålid, fortalte litt om sin bakgrunn og vegen fram til stillinga som dagleg leiar. Den 26-årige maskiningeniøren frå Deknepollen i Vågsøy presenterte verksemda, prosjekt og framtidsplanar for verftet. Elisabeth Elliot, styreleiar i Nordfjord Havn, presenterte «Nordfjord Havn – the gate to Nordfjord». Der fortalte ho kva som rører seg av aktivitet i havneselskapet. Fokusområder var blant anna å få meir gods frå veg til sjø, auka turisme og ny næringsaktivitet.

 

Etter pausa var det temaskifte, no skifta fokus på digitalisering. Oliver Severin Mulelid-Tynes, CEO i OMT Tech, presenterte det internasjonale selskapet som nyleg har etablert seg i Måløy. Han snakka om utfordringar rundt digitalisering som fleire i salen kunne kjenne seg igjen i. Dagleg leiar i Farmhouse, Wenche Flølo, presenterte «Student innovation – høgskuleprogram i Måløy». Dette er eit praksistilbod for høgare utdanning innan IKT og industridesign med oppstart hausten 2017.  

 

Tusen takk til innleiarar og publikum. Vi ser fram til å invitere til nye frukostmøter i nær framtid.

 

Har du innspel til foredrag eller tema for neste frukostmøte? Ikkje nøl med å ta kontakt på post@nordfjordvekst.no.