Marin og maritim workshop

I overkant av 30 personar samla seg i Nordfjord Vekst sine nye lokale for å diskutere korleis vår region kan ta del i den marine og maritime veksten. Tema for samlinga var blant anna status for fiskeflåten, fiskerihamna i Måløy, opprydding i havrommet, nye artar og utdanningstilbod i marine og maritime fag.

 

Formålet med å arrangere ein slik workshop er eit ønskje om større fokus på marine og maritime næringar i Nordfjord Vekst sitt arbeid. Vekstselskapet vil bidra til å leggje til rette for samarbeid og skape verdifulle møteplassar. Å skape ein arena der gründerar og bedrifter kan kome saman og få dei gode ideane opp og fram er eit viktig steg for å få på plass relevante prosjekt som vi kan jobbe med saman.

 

Dagleg leiar i Nordfjord Vekst, Randi P. Humborstad, ønskja dei frammøtte velkomen og orienterte kort om Stad skipstunnel. At det no er bestemt at verdas fyrste skipstunnel skal bli realisert har store positive ringverknadar for den marine og maritime næringa. Betre kommunikasjonar langs kysten vil vere eit utruleg viktig løft for den havbaserte næringa i vår region.

 

Det "blå eventyret" skapar interesse 

Seniorrådgjevar i marin forvaltning i Sogn og Fjordane fylkeskommune, Frode Hovland, var til stades for å snakke om Måløy marine og maritime kompetansessenter. Han snakka blant anna om korleis ein kan utvikle linjene havbruk og fiske og fangst. Hovland kunne fortelje at veksten i sektoren i hovudsak vil bestå av faglærte og dei med høgare utdanning. Måløy Vidaregåande skule har i år hatt gode søkjartal til dei blå naturbrukslinjene. Ungdomen viser stor interessa for å dyrke havet, og dette må næringslivet vere med på å utvikle. Eit innspel frå salen var at ein bør ta tak for å få til eit høgare utdanningsløp innanfor den blå sektoren. Ikkje berre for å rekruttere til næringa, men også for utvikling i lokalsamfunnet. Det er nemleg slik at dei aller fleste blir verande i den regionen der dei fullførar utdanninga si.

 

Egil Ytrøy, finansieringsrådgjevar for fiskeri og havbruk i innovasjon Norge, presenterte eit innlegg om Innovasjon Norge og virkemiddelapparatet. Han gav forsamlinga ei innføring i korleis ein skal gå fram frå idé til ferdig produkt. Enkelte aktørar frå salen skulle gjerne sett at Innovasjon Norge var meir til stades i Måløy og på vår del av kysten. Fiskerinæringa i til dømes Ålesund, har ei heilt anna moglegheit for samhandling med Innovasjon Norge enn aktørane i Måløy har.  Innovasjon-Norge representanten ville på si side presisere at det er viktig at næringslivet tar kontakt og inviterer til Måløy og til kysten.

 

Næringa må jobbe saman

 Kristian Todal, prosjektleiar i Nordfjord Vekst, utfordra forsamlinga til å diskutere ei rekkje problemstillingar. Eit tema som engasjerte mange var korleis ein kan gjere Måløy meir attraktiv for fiskeflåten. I 2016 var Måløy Noregs fjerde største fiskerihamn. Dei siste 10-15 år har fyrstehandsverdien av fisk lossa i Måløy helde seg stabil, medan hamner som Ålesund og Tromsø har auka kraftig. Fleire av dei frammøtte peika på at Måløy framleis er ei fantastisk og unik servicehamn for båtane. Dette er eit viktig konkurransefortrinn som næringa sjølv må vere bevisst på.

 

Det vart også nemnt frå salen at det er kvoterettigheitene som bestemmer aktivitetsnivået i hamna. Sentrale aktørar frå næringa tok til ordet for at ein må samle seg om å bevare fiskerettigheitene så dei ikkje forsvinner frå lokalsamfunnet. Dette er ei politisk utfordring som ein må ta tak i saman. Her har aktørar innanfor fiskeflåten og fiskerinæringa ein viktig jobb med å danne engasjement i næringa for felles samarbeid.

 

Nordfjord Veks vil takke alle innleiarar og deltakarar for ein vellykka «workshop». Alle innspel er notert og vi håpar at dette skal vere eit startskot for enno betre samarbeid om marin og maritim næringsvirksomhet i vår region.