Juletreff 2016

Den 28.desember var det duka for Nordfjord Vekst sitt årlege Juletreff. Med 28 verksemder på stand og nærmare 200 personar innom treffet, vart det folksamt og intimt i Turnhallen i Måløy.

 

Treffet har tidlegare vore i Nordfjordhallen og på Maritim Park, denne gongen var det Turnhallen sin tur til å bli nytta til Juletreff. Hensikta med å flytte Juletreffet til Turnhallen var at det skulle vere meir sentrumsnært og tilgjengeleg. På den måten kunne ein enklare nytte seg av andre tilbod i sentrum både før og etter treffet.

 

Konferansier Daniel Gangeskar leda treffet med stødig hand og godt humør. Han leda oss gjennom presentasjonar, musikk, mat og konkurransar. Fyrste post på programmet var CEO i Coast Seafood, Sverre Søraa, som kunne fortelje om dei spenstige planane for sentrumstomta i Måløy. Vidare leverte Kraftstasjonen Restaurant og Kolonial lokal mat og drikke, medan seljejenta Line Dybedal stod for stemningsfull og nydeleg norsk musikk. På storskjerm gjekk det kontinuerleg oversikt over verksemder, ledige stillingar og program. 

 

Blant dei 28 verksemdene kunne ein finne fleire ledige stillingar (sjå her) innanfor eit vidt spekter av bransjar. Fleire av verksemdene hadde også eigne konkurransar, med populære premiar. Blant anna delte Juletreffet sin hovudsponsor, Sparebanken Sogn og Fjordane, ut ein gåvesjekk på 3000 kr til ein heldig vinnar.

 

Kvart år blir det også delt ut premie til den verksemda som har lagt litt ekstra arbeid i standen sin. Sidan standplassen i år var mindre enn tidlegare år var det om å gjere å nytte plassen mest muleg effektivt og kreativt. Beste stand gjekk til Sparebanken Vest. Dei hadde bokstaveleg talt ein raud tråd, med matchande nissedrakter, utdeling av raude solbriller og spennande konkurransar på stand. Fjordenes Tidende sponsa premie for beste stand, som var ei heilside annonse til ein verdi av 24.330 kr.

Open idékonkurranse, «Frå Fjell til hav»

Tema for årets juletreff var «Frå fjell til hav», reiseliv og utvikling. I den anledning vart det utlyst ein open idékonkurranse der alle på treffet kunne delta. Premiane var sjølvsagt sponsa av fantastiske lokale reiselivsaktørar som Storm@Stad, Stad Surfing og Kraftstasjonen. Det kom inn mange gode bidrag. Blant anna var det mange som ønska seg taubane og gondolbane i nærområdet. Andre forslag var paragliderstasjon på Veten og hanggliderstasjon frå Hornelen.

Til tross for mange gode forslag måtte komitéen velje ut tre vinnarar. Faktisk måtte komitéen trekkje mellom fleire forslag som nærmast var heilt identiske. Tredjeplassen gjekk til Sondre Myhre. Han foreslo at ein skulle lage ein «skattejaktsommar» i regionen. Med ein slik skattejakt på lokale sjåverdigheiter, kunne ein nyte godt av gratis marknadsføring i sosiale media. Andreplassen gjekk til Signe Svarstad med ideen om å lage og opplyse om gode pakkeløysingar for reiselivet i regionen. Fyrsteplassen gjekk til Renate Bøe med ideen om eit maritimt senter. Ho meiner at Måløy treng eit maritimt senter i sjøkanten med utleige av diverse sjørelaterte aktivitetar. Premiane vart delt ut av dei tre ordførarane i kommunane Selje, Eid og Vågsøy. Ordførarane var einige i at dette var gode og gjennomførbare forslag, så då er det vel berre å setje i gong?

 

Vel møtt neste år

Nordfjord Vekst vil takke alle som var tilstades under årets Juletreff. Spesielt vil vi takke vår hovudsponsor, Sparebanken Sogn og Fjordane, for godt samarbeid. Ikkje minst vil vi takke alle verksemdene som stilte med stand. Vi vil også takke Fjordenes Tidende, Storm@Stad, Stad Surfing og Kraftstasjonen for sine premiebidrag.


Ta gjerne ein ekstra kikk på dei ledige stillingane her på jobbjakt? eller meir utfyllande her https://www.facebook.com/juletreff/