Jaktar på business-folket

Nordfjord Vekst har saman med ordførar i Eid kommune vore på bedriftsbesøk hjå Nordfjord Hotell. Ny dagleg leiar vart tilsett ved det tradisjonsrike hotellet i januar i år. Tomas Perers kjem i frå Sverige, men har lang fartstid innan norsk reiseliv. Han har blant anna arbeida på kjente turistdestinasjonar som Geiranger, Hafjell, Trysil, Hemsedal og Flåm. På Nordfjordeid fekk han moglegheita til å realisere draumen om å drifte eit hotell på eigne premissar.

Nordfjord Hotell ligg geografisk sentralt med både kyst, fjord og fjell i umiddelbar nærleik. Hotellet kan skilte med bar, basseng, spabehandlingar og restaurant. Då er det kanskje ikkje så rart at hotellet på Nordfjordeid er populært for både tilreisande og lokale aktørar i regionen.

 

–  I sommar har det vore flest besøkande frå Israel som kjem i turbussar, og spesielt tysdagar har vi hatt mange besøkande, av ein eller annan grunn. I haust har det vore stor pågong i forbindelse med Operaen, seier Perers. 

 

Sjølv om det har vore ein hektisk haust så langt, ligg fokuset stadig på sunn drift  og kostnadsparing. Ein av dei største utfordringane til bedrifta er at det er vanskeleg å rekruttere kyndige fagfolk til hotellet. Tomas fortel at dette til tider har gått ut over restauranttilbodet.

 

– Det er spesielt vanskeleg å tilsette dyktige kokkar. Vi ser at både lærlingar og ferdig utdanna kokkar ynskjer å jobbe i dei store byane, forklarar han. Han vil likevel understreke at han har eit godt samarbeid med kokkelinja på Måløy vidaregåande skule, og reiselivslinja på Stryn Vidaregåande skule. 

 

Internt har dei gjort nokon endringar på organisasjonskartet. To av arbeidarane har no fått i oppgåve å drive med sal. Nordfjord Hotell satsar nemleg hardt på forretningssegmentet og har gode fasilitetar for å drive kurs og konferansar.


– Med 54 rom og plass til 200 i konferansesalen er hotellet attraktivt for handelsreisande, det er i dette segmentet vi ser eit stort potensiale framover, fortel han.