Gründerdraumen

Tysdag 17.01 samla 10 gründerspirar seg på Vågsøy folkebibliotek for å få inspirasjon og utveksle erfaring. Innovasjon Norge og Kunnskapsparken Sogn og Fjordane (kpsf) stod for programmet med lærerike foredrag og kyndige råd.

 

Deltakarar frå Eid, Bremanger, Flora, Balestrand og Måløy fekk høyre Hilde Grinde frå kpsf fortelje om korleis Kunnskapsparken kunne vere ein viktig sparringspartnar for gründerar og bedrifter. Kpsf fungerer blant anna som ein inkubator som bidrar til å utvikle innovasjonsbedrifter.

 

Jørgen Ulrik Berg frå Innovasjon Norge presenterte «frå idé til marknad». Han kom med informasjon som skal hjelpe gründerar på vegen til suksess. Han snakka blant anna om korleis ein burde gå fram for å etablere ei verksemd og om dei ulike kriteria for å søkje tilskot frå Innovasjon Norge.

 

16 åring med heilt nytt konsept

Ein av dei som var på gründersamling denne dagen var 16 år gamle Steffen Sørland frå Nordfjordeid. Han er elev i fyrste klasse på studiespesialiserande linje ved Eid VGS, men er allereie klar for gründerlivet.

 

Eg er stadig innom Innovasjon Norge side nettstadar og såg at dei skulle ha ei samling i Måløy. Eg kom hit for å få inspirasjon og eit lite spark bak. Eg har veldig mange idear som eg treng hjelp til å realisere.

Etter skuletid jobbar han på Frislid, ein klesbutikk og eit velrenommert varemerke for menn, her dannar han viktig erfaring som han forhåpentlegvis kan ta med seg inn i gründertilværa. Ein av ideane til Sørland er nemleg å lage sitt eige klesmerke.

 

–  Eg er veldig interessert i mote og design, og har sidan april i fjor jobba med mitt eige konsept. Noko heilt nytt som kombinerer streetwear med fjord og fjell. Konseptet er at eg vil trekke inn store hendingar som skjer i verda og utrykke det via klede.

 

Den ambisjonsrike 16-åringen er ivrig på å få satt ideane sine ut i livet. Reisa mot målet startar på Nordfjordeid, men den store draumen er å etablere seg i ein internasjonal marknad.

 

Aller helst vil eg starte med ein gong. Eg veit at det er vanskeleg å lukkast som gründar, men eg må jo følgje draumen.

 

 

På bilete: Steffen Sørland i prat med felles grûnderspire frå Eid og Hilde Grinde frå Kunnskapsparken Sogn og Fjordane.