Frå idé til ferdig bygd anlegg

Ordførar i Eid kommune, Alfred Bjørlo, og dagleg leiar i Nordfjord Vekst, Randi Paulsen Humborstad, besøkte Nordplan på Nordfjordeid. Nordplan tar oppdrag for både offentlege og private kundar og tilbyr teknisk og arkitektfagleg rådgjeving frå idè til ferdig bygd anlegg.

Nordplan spesialiserer seg på design-, plan og prosjekteringstenestar. Verksemda har hovudkontor på Nordfjordeid og avdelingskontor i Førde, Ålesund og Vågå. Nordplan har 60 tilsette kor 20 av desse er lokalisert på Nordfjordeid. Av prosjekt i regionen er dei blant anna involvert i det spektakulære Hoven Loen prosjektet. Nordplan er også kjend for å ha teikna operahuset og det nye «naustet» i Sagastadparken på Nordfjordeid. 

Sjølv om verksemda er lokalisert fleire stader i landet er den største utfordringa likevel geografisk spreiing. Dei ønskjer gjerne å ha eit større geografisk område å spele på. Ei anna utfordring for verksemda er rekruttering. Nordplan har eit svært kompetent og allsidig team og ønskjer nye arkitektar og ingeniørar velkomne. 



På biletet: Arne Steinsvik, dagleg leiar i Nordplan, og Randi Paulsen Humborstad, dagleg leiar i Nordfjord Vekst.