Forsking og utvikling som tema

Nordfjord Vekst har hatt eit vellykka frukostmøte på Best Western Måløy Hotell med forsking og utvikling som tema. Dagleg leiar i Nordfjord Vekst, Randi Paulsen Humborstad, kunne ønskje velkomen til i overkant av 40 personar i salen, før ho heldt eit kort innlegg om status i næringsselskapet.

 

Arne Monrad Johnsen snakka om Regionalt Forskingsfond Vestlandet som årleg disponerer 30-40 mill. kroner til prosjektfinansiering, og forklarte blant anna korleis ein kunne søkje pengar. Dag Lothe, spesialrådgjevar i forskningsrådet, held innlegg om Skattefunn som finansierer forsking og utvikling i næringslivet. Han forklarte korleis bedriftene får kompensert 20% av sine prosjektutgifter gjennom redusert skatt og at dei som ikkje er i skatteposisjon får pengane utbetalt. 

 

Ny dagleg leiar i Naval Consult, Erlend Hagen, held eit innlegg om skipsdesignfirmaet sine aktivitetar og planer. Han kunne konstatere at verksemda er i posisjon til å utvide og at dei satsar på å tilsette to nye ingeniørar før året er omme. Trond-Inge Kvernevik, dagleg leiar i Fiskevegn, avslutta frukostmøtet med eit innlegg der han blant anna snakka om korleis bedrifta satsar på forsking og utvikling. Fiskevegn er svært verdikjedeorientert, og dette er ein sterk drivar for deira arbeid med FoU. Verksemda er ein totalleverandør for fiskeflåten og er svært bevisst på viktigheita av relasjonsbygging i miljøet. Fiskevegn har ein unik leveringskompetanse, og hevdar seg både nasjonalt og internasjonalt. 

 

Nordfjord Vekst takkar alle som deltok på årets siste frukostmøte, og ser fram til nye samlingar etter nyttår.