Føregangskvinna

 

I 2007 tok ho steget og blei den fyrste kvinna i Noreg med eige tømrarfirma. Elin Gallefoss er også fyrste kvinnelege styremedlem i byggmesterforbundet. Ho har alltid trivst med å vere einaste jente i guteflokken. Både på vidaregåande, på fagskulen og på alle byggeprosjekt.

 

Mannfolka likar godt å jobbe med kvinner, det er mi erfaring. Dessutan, om du er glad i mykje merksemd er det eit veldig kjekt yrke å ha, spøkar ho.

 

Ein må tole at kvardagen ikkje er A4, det er heile tida nye utfordringar og problemstillingar som skal løysast. Ikkje minst må ein vere glad i fysisk arbeid og i å vere utandørs. Ho vil likevel anbefale andre med interesse for faget til å satse på å bli tømrar. Spesielt vil ho råde andre jenter til å velje yrkesfag og gjerne byggfag.

 

Det beste med dette yrket er at ein får vere med på å lage noko som skal vare lenge, seier ho.

 

Elin peikar på bygget i bakgrunnen, maritim avdeling ved Måløy vidaregåande skule. 

 

— Dette har eg vore med på å lage, det tenker eg på kvar gong eg er her. Det er jo litt stas.

 

10 år med TømrarElin

Ho har tidlegare jobba for fleire store byggjefirma, men plutseleg kom ho over ei annonse i lokalavisa om Huldra, eit gründer-program for kvinner. Ho søkte på programmet og kom inn. Deltakinga i programmet var ein av fleire årsaker til at ho tok steget og starta eiga verksemd.  

 

— Eg følte ofte at eg ikkje fekk forståing for min situasjon. Med tre born og ein mann som var mykje vekke i jobb  hadde eg andre utfordringar enn mine mannlege kollegaer. Det var ikkje alltid like lett å leve opp til overtidskrava frå arbeidsgjevar, fortel ho om tida før ho starta for seg sjølv.

 

I november har gründerverksemda 10-årsjubileum. Med base på Flatraket i Selje kommune og ein kundemarknad i heile Nordfjord har Elin stadig like mykje å henge fingrane i.

 

Eg byggjer om dagen og gjer administrativ arbeid på kvelden når ungane har lagt seg. I tillegg brukar eg mykje av fritida mi på å lage ting til heimen av restmaterial, fortel den engasjerte tømraren.

 

Det er nemleg ikkje tvil om at Elin brenn for det ho driv med.

 

Heilt sidan eg var ti år gamal har eg snikra. Eg har aldri tvila på yrkesvalet mitt. Det var tømrar eg skulle bli og eg angrar ikkje eit sekund på det, seier ho skråsikkert.

 

 

Notis: TømrarElin har fått støtte frå det kommunale næringsfondet som er forvalta av Nordfjord Vekst. Sjå korleis du kan søkje her: Søk kommunalt næringsfond.