Det ellevte Påsketreffet

Tysdag 11.04.2017 gjekk det ellevte Påsketreffet av stabelen, på Operahuset Nordfjord. 40 bedrifter og om lag 350 personar var innom treffet.

 

Bedriftene og dei påmelde deltakarane hadde ein dag fullspekka med aktivitetar. Blant anna var Sagastad med visning av Myklebustskipet og ein guida tur i Sagaløypa noko av det ein kunne få med seg i forkant av treffet.

 

På det tradisjonelle Påsketreffet kunne konferansier Eli Førde Aarskog ønskje velkomen og fortelje om alt det spanande som skjer på Eid og i Nordfjord. Bedriftene på stand hadde verkeleg lagt seg i selen for å ønskje potensielle arbeidstakarar velkomen. Dei viste fram flotte stands og stort engasjement. Fleire av bedriftene hadde eigne konkurransar med attraktive premiar, og det vart delt ut både milkshakes, godteri og andre gåver frå standplass. Mange av bedriftene hadde også med ledige stillingar som deltakarane hadde fått utdelt på mail i forkant av treffet. Fleire av deltakarane var arbeidssøkande og fortalte at dei var imponert over det bedriftene kunne presentere.

 

Dei frammøtte fekk òg høyre det siste nye om prosjektet Stad skipstunnel, presentert av dagleg leiar i Nordfjord Vekst og prosjektleiar Randi P.humborstad, før det vart servert nydeleg mat frå Nordfjord Hotell. Etter treffet inviterte Malakoff Rockfestival til ein skikkelig rockekonsert med bandet Pil & Bue før dei siste navna på årets Malakoffplakat blei presentert. Dagen vart avslutta med etterfest på Expeditionen.

 

Tusen takk til bedriftene og deltakarane. Takk til Malakoff, Sagastad og Eid kommune for eit godt samarbeid. Vel møtt neste år og god påske!