"Arbeid gir vekst"

ASVO Måløy er ei vekstbedrift som bidrar til at personar med nedsett arbeidsevne får sjansen til personleg utvikling og økt livskvalitet gjennom meiningsfylt arbeid. I 20 år har bedrifta helde til på fastlandet i Deknepollen. Her arbeidar 25 personar som har tilbod om varig tilrettelagt arbeid og 5 personar som kan prøve ut arbeidsevna si gjennom arbeidsførebuande trening. I tillegg har verksemda 9 ordinært tilsette.

 

Vi får ta del i livet til dei som jobbar hjå oss og ser at mange får ein ny og betre kvardag etter å ha kome i arbeid. Vår oppgåve er å tilretteleggje arbeidet slik at den enkelte opplever meistring. I tillegg har vi kravet på oss til å leverer varer og tenester på «deadlines» slik som andre plassar, fortel dagleg leiar Betty Hessevik. 

 

Vekstbedrifta driv nemleg med mange typar produksjon, og sjølv om ASVO har forskjellige andre inntektskjelder er dei avhengig av inntektene dei får av sal til bedrifter og privatpersonar.

 

— Vi leverer blant anna skilt, tau og garn, ved, catering og bakst samt at vi tar imot papp, papir og plast til gjenvinning. Vi har investert i konkurransedyktige produksjonsfasilitetar og i oppdaterte maskiner, seier Hessevik medan ho visar oss rundt i lokalet.

 

«Nye garn fiskar best»

Særleg er fiskeflåten ein viktig kunde for verksemda. ASVO Måløy yter service til små og store båtar i frå heile landet, i frå Rogaland til Troms. Blant anna er reinskjering av fiskegarn noko som gjev arbeid til mange. I denne produksjonen har ASVO eit nært samarbeid med bedrifta Fiskevegn frå Flatraket. Om lag 8000 fiskegarn i året blir gode som nye med ASVO si hjelp.

 

— Vi ser eit enormt potensial i det som skjer i forflytningsfasen til båtane og det avfallet som dei bring med seg. Det er mykje vi kan ta tak i som kanskje elles blir kasta, seier Selma Larsen som er produksjonsleiarassistent i bedrifta.

 

Ho fortel at ASVO gjerne handterer forskjellige ting for båtar som treng det. Dei er på mange måtar ein miljøstasjon som kan sende ting vidare.

 

— Vi hjelper gjerne til med det vi kan, og vi kan ta i mot mykje. Men det må vere handterleg. Hugs at vi på ASVO hovudsakleg driv med manuelt arbeid. Larsen forklarar at dei helst vil ha inn vaska, sortert og reingjort materiale.

 

ASVO samarbeider godt med det lokale næringslivet og har mange gode kundar. Likevel ser dei eit behov for betre utnytting av tenestene dei kan levere. Vekstbedrifta vil gjerne vere med på marine og maritime samarbeid i regionen og håpar å kunne kommunisere dette vidare.

 

— Vi er på marknaden. Likevel skulle vi gjerne sett at fleire visste om kva vi driv med og kva vi kan tilby. Vi jobbar med å få ut informasjon til båtane om kva vi kan hjelpe med. Vi ønskjer å bidra til å halde miljøet reint og unngå at ting hamnar i havet, avsluttar ho.