15 nye arbeidsplassar på to år

Sødermann Rådgivning er eit rådgjevingsselskap med base på Nordfjordeid. Selskapet yter tenester til kommunar, og spesielt innanfor helse- og omsorgssektoren. Sødermann Rådgivning vart stifta i 2013 og har sidan den tid hatt ein eventyrleg vekst. Totalt er dei 15 tilsette som jobbar med utgangspunkt i eit ønskje om å bidra til å skape varige gevinstar i lokalsamfunn. Dette gjer dei gjennom å utfordre og endre rådande tankesett.

 

Det heile starta som ein spin-off av eit prosjekt som gründer, Petter Sødermann, gjennomførte som leiar i helse og sosialsektoren i Eid kommune. Dette vart vidareført i eit selskap som starta med å tilby helserådgjeving til kommunane. Dei tilsette rådgjevarane i bedrifta har helsefagleg utdanning (sjukepleie, vernepleie, ergoterapi etc.) og erfaring som leiarar og tenesteytarar i ulike kommunar. Såleis kan dei legge stor vekt på fagleg rådgjeving om drift og organisering i tillegg til at ein tar det økonomiske perspektivet. Spisskompetanse innanfor helsesektoren er da også eit av bedrifta sine konkurransefortrinn. Eit anna er at ein jobbar tett på det ytste leddet i organisasjonen når ein er ute i felten og gjer vurderingar.

 

Sødermann starta eit nytt og innovativt prosjekt i mars i år. Prosjektet kallar dei for «Digitaliseringsprosjektet». Her jobbar dei med å digitalisere og analysere data i kommunal sektor. Totalt er det åtte tilsette som arbeider med dette per i dag, og to av dei er leigd inn eksternt. Bedrifta ønskjer å bidra til at dei enorme mengdene data som finst i kommunal sektor, blir nytta på ein måte som gjev tydeleg effekt. Enkelt forklart så jobbar dei med å lage ein applikasjon som har ulike modular for å hjelpe kommunane med å finne og setje i verk effektfulle tiltak, basert på såkalla «big data analyse». Det kan vere å finne ut korleis ein kan optimalisere inntekter, eller gjere driftsforbetringar basert på andre kommunar sine erfaringar m.v. Prosjektet har som mål at ein skal kunne vise til målbare resultat og tydeleggjere kva effektar pengebruken i kommunane har fått, heilt nede på avdelingsnivå. Dette er eit unikt prosjekt, og det er så langt ein veit ingen som gjer akkurat det same som Sødermann på dette området. Dei tilsette er klare på at det finnast mykje innanfor kommunal sektor som både er spennande og gøy å jobbe med.


På biletet: Dei tilsette hjå Sødermann Rådgivning. Ordførar i Eid kommune, Alfred Bjørlo, kom med blomar til selskapet som velkomen i nye lokaler. Nordfjord Vekst representert ved Karoline Myhre Føleide.